Samarbeidsrådet for Sunnhordland har gjeve Zpirit reklamebyrå i
oppdrag å produsera ein film som skal profilera dei mange
kvalitetane sunnhordlandsregionen har å tilby. Regissør Simeon
Frohm ønskjer no å få inn flest mogleg tips om spennande stader,
folk og aktivitetar frå alle delar av regionen. - Me ønskjer også å
koma i kontakt med folk som kan tenkja seg å vera med i filmen,
fortel Frohm.