Friluftsliv
Sunnhordland strekkjer seg frå blankskurte øyar ute mot havet til fjordar med bratte fjellsider og eit fruktbart innland.
Folgefonna - den tredje største isbreen i Norge, er krona på verket.
Heile regionen er generelt godt eigna for friluftsaktivitetar.
På sidene Visit Sunnhordland finn du forslag til over 100 turar i Sunnhordland. Du kan velje mellom sykkel- eller vandreturar og spesifisere søket på både vanskegrad og lengde.
Frå toppen av Melderskin i Kvinnherad kommune, ©Ranveig Marie Nesse Photography.
Turlaga i Sunnhordland
Likar du å gå på tur saman med andre, har turlaga i Sunnhordland eit flott utval av turar og arrangement. Er du ny i Sunnhordland, er dette også ein flott moglegheit til å bli kjend med nye vener.
Ta kontakt med det enkelte turlag for meir informasjon og tips om turar.
Me anbefalar også å gå inn på nettstadane til TellTur, Bergen og Omland Friluftsråd og Friluftsrådet Vest.
Fritids- og sportsfiske
Det er mange flotte vatn i Sunnhordland. I nokre område treng du fiskekort.
Generelt er heile Sunnhordland godt eigna for sjøfiske frå land og båt. I sjøen kan du fiska fritt med stang og håndsnøre.
Folgefonna Nasjonalpark
Folgefonna Nasjonalpark er kjent for den dramatiske og vakre naturen. Med fjordar, fjell, elver, vatn og brefall er Folgefonnhalvøya mellom dei aller viktigaste reisemåla i Norge. Nasjonalparken ligg i kommunane Kvinnherad og Etne i Sunnhordland og Odda, Jondal og Ullensvang i Hardanger.
På Folgefonna kan du stå på ski midt på sommaren.
Ved Møsevatnet er det mogleg å padle i det blågrøne brevatnet. Wilderness Norway -Folgefonni Breførarlag har guida kajakkturar.
Bondhusbreen er ein del av Folgefonna. Bondhusvatnet og breen har vore eit populært turmål sidan 1800-talet. Stien opp dit er tilgjengeleg for alle - også rullestol og barnevogn. Turen tar ca 2 timar.
© Ranveig Marie Nesse (bilete frå Bondhusvatnet)
Du finn gode tips til aktivitetar i nasjonalparken på sidene til Folgefonna Nasjonalpark.
Sykling i Sunnhordland
Du kan sykle på landevegar, grusvegar, i terrenget, oppover, nedover og bortover i Sunnhordland.
Du finn både korte og lange turar i brosjyren "Sykkelturar i Sunnhordland" (pdf - lenkje for nedlasting via Visit Sunnhordland).
Det er også laga fleire forslag til turar: på Visit Sunnhordland finn du skildringar av både sykkelmoglegheiter og sykkelturar.
© Samarbeidsrådet for Sunnhordland
I nokre av kommunane finst også sykkelklubbar. Gjennom året blir det arrangert fleire sykkelritt i regionen.
Foto øvst på sida: frå Heio på Stordafjellet med utsikt mot blant anna Huglo, Halsnøy, Borgundøy, Fjelberg og Tittelsnes, foto Samarbeidsrådet for Sunnhordland