Bransjeoversikt
Havbruk
Havbruksnæringa er stor i Sunnhordland. Næringa er i stadig vekst. Sjømaten er i særklasse.
Blant dei største havfiskeflåtane
Havbruk og det å hausta frå havet har alltid vore viktig for sunnhordlendingane. Austevoll, ein av dei 8 kommunane i Sunnhordland, har ein av dei største og mest moderne havfiskeflåtane i landet.
I Sunnhordland finn du yngelproduksjon og oppdrettsanlegg, slakteri og foredlingsbedrifter. Laks og aure dominerer, men ein prøver også ut andre fiskeslag og skjelsortar.
Gründermiljø
Fleire av dei store aktørane i næringa har utspring frå dei lokale gründarmiljøa. Men også tunge investorar utanfrå har kjøpt seg inn i næringa og er med på å utvikla denne i Sunnhordland.
Nokre av dei største aktørane er Bremnes Seashore, Alsaker Fjordbruk, og Mowi.
Her er også firma som leverer til havbruk.
Pionerar innan oppdrettsnæringa
Her finst også kystfiskarar, men dei mange sildolje- og sardinfabrikkane er for lengst historie.
Ein haustar frå havet i svært så kontrollerte former. Folk frå denne regionen var pionerar i oppdrettsnæringa, og i dag er mange hundre sysselsette i havbruk i Sunnhordland.
Helsesektor
2 av sjukehusa og 2 av DPS sentra til Helse Fonna ligg i Sunnhordland.
© Samarbeidsrådet for Sunnhordland
- STORD SJUKEHUS
Stord Sjukehus er eit somatisk sjukehus på øya Stord. Stord kommune har 18852 innbyggjarar (tal frå 2021, SSB). Sjukehusregionen omfattar kommunane Stord, Bømlo, Fitjar, Tysnes og Kvinnherad, og har eit nedslagsfelt på ca 50 000 personar.
- STORD DPS
Stord distriktspsykiatriske senter (DPS) tilbyr allmenne spesialisthelsetenester innan psykisk helsevern til innbyggarar i Bømlo, Fitjar, Stord og Tysnes kommunar. Stord DPS og Stord BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk) held til i lokale som ligg like ved Stord sjukehus.
- VALEN SJUKEHUS
Valen Sjukehus er eit psykiatrisk sjukehus som ligg på Valen i Kvinnherad kommune. Sjukehuset har fire sengepostar.
- DPS Folgefonn
Folgefonn DPS er lokalisert på Valen og i Odda med poliklinikkar og døgnavdelingar.
Døgnavdelingane skal gi eit allmennpsykiatrisk behandlingstilbod med fokus på utgreiing, diagnostisering og behandling.
Alle einingane ligg under Helse Fonna.
Tungvektarar innan industri
Aker Solutions på Stord (tidlegare Kværner Stord) har i ei årrekkje levert plattformer og produksjonsskip til offshoreindustrien. Leirvik AS har sidan 1974 vore verdsleiande når det gjeld produksjon av bustadmodular til plattformer. Andre bedriftsområde er aluminiumprodukt, vedlikehald og modifikasjon, akvakultur og infrastruktur.
Aasta Hansteen-plattforma i Digernessundet kort tid før slepet starta på vegen til Norskehavet (2018). Plattforma er den største i sitt slag i verda (2018) og dåverande Kværner Stord (no Aker Solutions, Stord) har assistert med ferdigstilling av skrog og plattform.
Foto:Toralv M. Brekke
Aker Solutions på Stord og Leirvik AS er saman med Wärtsilä Norway og Hydro Husnes tungvektarane i industrien i Sunnhordland.
Fleire bedrifter har sitt utspring i desse, og har spesialisert seg på ulike nisjer innan offshore-næringa. Baker Hughes si avdeling på Eldøyane er eit godt døme her.
HMR-group med hovudkontor på Husnes og ei rekkje avdelingskontor er ein betydeleg aktør innan prosessindustrien.
Offshorenæringa har gitt grunnlag for eit hav av mindre bedrifter. Desse byggjer i ulik grad sin eksistens på samhandling med dei industrielle tungvektarane.
Næringsråda og/eller næringsservice i dei ulike kommunane kan gje meir info:
- Austevoll Næringsråd
- Bømlo Næringsråd
- Fikse Næringsforening Etne og Vindafjord
- Fitjar Næringsråd
- Kvinnherad Næringsservice
- Stord næringsråd
Maritim næring
Dei kraftigaste industrilokomotiva i Sunnhordland er store leverandørar til maritim industri.
Tal frå Statistisk Sentralbyrå/BRB viser at over 300 bedrifter i Sunnhordland opererer innan den maritime næringa. Reiarlaga er største delen av bedriftene som utgjer den maritime næringa, følgt av verft, tenesteleverandørar og utstyrsprodusentar.
Dei to viktigaste fiskerikommunane i Hordaland ligg i Sunnhordland: Austevoll og Bømlo.
Viktige aktørar innan maritim næring er:
- Leirvik AS
- Teknisk Bureau
- DOF
- Eidesvik Offshore ASA
- Fitjar Mekaniske Verksted
- Hellesøy Verft
- Aker Solutions AS, Stord
- Palfinger Marine
- Wärtsilä Norway
- Westcon
Mangfald i offentleg sektor
Offentleg sektor utgjer ein stor og viktig del av sysselsetjinga i regionen.
Her finst eit mangfald av spanande jobbmoglegheiter. I offentleg sektor i Sunnhordland finn ein:
- Kommunane
- Helse Fonna
- Høgskulen på Vestlandet, campus Stord
- Politi: Sør-Vest politidistrikt (Bømlo, Etne, Fitjar, Stord og Sveio) og Vest politidistrikt (Austevoll, Kvinnherad og Tysnes)
- Rettsvesen - Sunnhordland Tingrett
Reiseliv
Reiselivsnæringa i Sunnhordland er sett saman av mange små verksemder.
Kulturarrangement held høg kvalitet og er svært attraktive, også for målgrupper utanfor regionen. Kort avstand frå hav til bre poengterer breidda i regionen.
Moster Amfi og Baroniet Rosendal, Folgefonna, tilrettelagde båthamner, eit utvikla sykkelprodukt og fiske er aktivitetar og attraksjonar som set regionen på kartet reiselivsmessig.
Finn meir info på reiselivsportalen for Sunnhordland: Visit Sunnhordland.