Etablere bedrift?
I Sunnhordland er det fleire gode aktørar som gjerne vil hjelpa deg vidare.
Du som tenkjer på å etablere kan få rettleiing. Du kan få hjelp til å utarbeida forretningsplan, vegleiing om verkemiddelapparatet, registrering av bedrifta, nettverk, etablerarkurs eller berre ein samtalepartnar.
Arbeidet med etablerarhjelp skjer etter avtale med Hordaland fylkeskommune og er GRATIS for når du skal etablera bedrift.
I kommunane Bømlo, Stord og Tysnes er det etablert inkubatorar. Her kan du få leiga kontor i tilrettelagte kontorfelleskap. I tillegg får du til tilgang til eit stort kompetansenettverk.
Gode hjelparar når du skal etablere bedrift:
Du som etablerar kan også søkje om støtte frå regionalt etablerarfond. Dette er midlar frå Hordaland fylkeskommune, og er ein direkte stønad til bedrifter/etablerarar i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Sveio og Tysnes.