Jobbe i Sunnhordland?
Sunnhordland er industriregionen med industrielle tungvektarar i verdstoppen og ein underskog av livskraftige småbedrifter.
Bedriftsoversyn
I oversikten over mange av bedriftene i Sunnhordland finn du mellom anna kontaktinformasjon og kompetansebehov.
Dei viktigaste næringane i Sunnhordland er offshore, maritim, fiskeri og havbruk.
Verdsleiande industribedrifter
Dei store industribedriftene i Sunnhordland er verdsleiande på sine felt. Dette både når det gjeld å setja saman dei mest kompliserte offshoreinstallasjonane, eller å utvikla nye skipstypar til bruk på verdshava.
Industribedriftene trengt eit mangfald av kompetanse, og topp kvalitet i alle ledd.
I Sunnhordland finn du også mange mindre spesialbedrifter. Desse har utvikla spisskompetanse på sine felt.
Offshore industri i Sunnhordland
Mange i Sunnhordland har jobben sin offshore.
I tillegg er mange av dei store plattformene med sine bustadkvarter, produksjonsskipa og boreplattformene bygde nettopp i Sunnhordland.
Havfiskeflåte i toppklasse
Likar du deg til sjøs? Her finn du reiarlag i internasjonal klasse. Her er også ein havfiskeflåte i toppklasse.
Havbruksnæringa er også stor i Sunnhordland. Tilsette med ei rekkje kvalifikasjonar trengst for å produsera sunn sjømat.
Høgskulen på Vestlandet, campus Stord
På Høgskulen på Vestlandet campus Stord, finn du den eldste lærarutdanninga i landet. Her finn du også sjukepleiarutdanning, og ei rekkje kurs retta mot behova for ny arbeidskraft både i det offentlege og industrien. På Høgskulen på Vestlandet, campus Stord kan ein ta halvårsstudium, studium, bachelor eller master.
Høgskulen er samstundes ein stor arbeidsgjevar. Det same er dei mange vidaregåande skulane i regionen.
Når Høgskulen på Vestlandet, campus Stord og dei vidare gåande skulane i Sunnhordland har utlyste stillingar, vil du finne dei på denne sida.
Kommunane treng fagfolk
8 kommunar treng dyktige fagfolk i alle ledd. Det offentlege er samla sett ein stor arbeidsplass i regionen. Du finn utlyste stillingar i kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes på denne sida.
Arbeid innan helsevesenet
© Srs
Helsevesenet og Helse Fonna byr på mange arbeidsplassar i Sunnhordland. Her jobbar ein anten ute i kommunane, eller ved eitt av dei to sjukehusa, Stord sjukehus (foto over)og Valen sjukehus eller dei to DPS sentra.
Ei undersøkjing gjort av Atheno AS syner at "Industriregionen Sunnhordland" er av ein betydeleg storleik, ikkje berre i høve til resten av fylket, men også i høve til Vestlandet og heile Noreg.