Lokalaviser i Sunnhordland
Nyhende frå regionen og dei enkelte kommunane i Sunnhordland finn du i:
Bladet Sunnhordland
Sunnhordland er den eldste og største lokalavisa i regionen. Ho kjem ut i papirutgåve måndag, onsdag og fredag (om sommaren tirsdag og fredag), og har Stord og Fitjar som sine primærkommunar. Avisa dekkjer også Bømlo, Tysnes og Kvinnherad.
Bømlo-nytt
Bømlo-nytt er lokalavisa for Bømlo og kjem ut i trykt utgåve til abonnentar onsdag og laurdag.
Grenda
Grenda kjem ut i Rosendal. Dette er den eldste lokalavisa i Kvinnherad. Grenda har papirutgåve tirsdagar og torsdagar.
Kvinnheringen
Kvinnheringen kjem ut på Husnes, og er den største lokalavisa i Kvinnherad. Avisa kjem ut måndag, onsdag og fredag. På nettsida til Kvinnheringen finn du ei oversikt over lokale nettsider i Kvinnherad.
Grannar
Grannar er lokalavisa for Etne (Vestland) og Vindafjord (Rogaland). Avisa kjem ut i papirutgåve måndag og torsdag.
Marsteinen
Marsteinen er lokalavisa for Austevoll. Denne kjem ut kvar torsdag i trykt utgåve, og har også eiga nettutgåve.
Bladet Tysnes
Lokalavisa Bladet Tysnes for øya Tysnes har både digital og trykt utgåve.
Vestavind - Sveio
Vestavind er bygdabladet for Sveio. Du kan lese meir om Vestavind på nettet, vestavind-sveio.no.
Stord24
Stord24 er ei uavhengig nettavis som skriv saker om byen Stord.
Fitjarposten
Fitjarposten løfter fram positive saker frå lokalmiljøet, privat næringsliv, kommune, kultur- og organisasjonsliv på og i Fitjar.
Sist oppdatert: 09.08.2022.