Bli partnar i arbeidet
For å lukkast med omdømmebygging og rekruttering, er det viktig å stå samla i konkurranse om arbeidskrafta.
Sunnhordland kan sjåast på som ein felles bu- og arbeidsregion. Kommunar og bedrifter har felles interesser i å henta inn arbeidskraft til Sunnhordland.
Rekruttering handlar om meir enn sjølve jobbinnhaldet og løns- og arbeidsvilkår. Jobb til partnar/ektefelle, lokalmiljø, bustadprisar, skule- og barnehagetilbod er forhold som spelar inn ved val av arbeidsstad og kor ein vil busetje seg.
Som følgje av dette må det offentlege og det private stå saman i omdømme- og rekrutteringsarbeidet.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland arbeider kontinuerlig for fremjing av regionen. Men for å kunna ha fullt fokus på dette, er det viktig at bedriftene er med.
For meir informasjon om omdømmearbeidet og korleis du kan ta del, ta kontakt med Anne S. Lønne, Samarbeidsrådet for Sunnhordland.
Telefon 922 62 150.