Omdømme- og rekrutteringsprosjekt
Omdømmebygging av Sunnhordland er eit langsiktig arbeid for å styrkja regionen som bu- og arbeidsregion.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland er ein aktiv pådrivar for rekruttering av nye innbyggjarar og arbeidstakarar til Sunnhordland. Regionen har mykje å tilby. Moglegheitene kan bli betre kjende og me ynskjer å gjere dette meir synleg. Saman med næringsliv og andre offentlege aktørar driv difor Samarbeidsrådet for Samarbeidsrådet omdømme- og rekrutteringsarbeid, der ein mellom anna vil skape bulyst.
Auka kjennskapen til regionen
Eit viktig verktøy i dette arbeidet er mellom anna denne nettportalen. På Bu i Sunnhordland finn du mellom anna alle offentleg utlyste stillingar i Sunnhordland. Her er også ein eigen kulturkalender - både på norsk og engelsk - der arrangement i regionen er synlege. Her kan ein sjølv registrere sine arrangement. På Bu i Sunnhordland finn ein ekstern lenkje til alle hus og bustader som er til sals i Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
I tillegg arrangerer Samarbeidsrådet Sunnhordlandstreff i og utanfor regionen, deltek på messer og andre arrangement. Sunnhordlandstreff er arrangement for unge vaksne over 18 år. Her viser bedrifter, kommunar og festivalar moglegheiter i Sunnhordland. Deltakarane kan knyte kontaktar med moglege framtidige arbeidstakarar - og treffe kjende. Sunnhordlandstreffa har ei triveleg ramme, der det både vert servert mat og drikke, det er underhaldning og deltakarane kan vinne premiar.
I 2013 vart det også laga ein eigen film om regionen, som du finn både på YouTube.
Filmen har vunne fleire prisar:
- Gullsild 2014 frå Markedsforeningen på Haugalandet
- "Best direction" under Festival FilmAT i Warszawa, Polen i juni 2015
- Delfin i Cannes Corporate Media & TV Awards 2015
Det er også oppretta eit eige samfunn på Facebook som heiter "Bu i Sunnhordland". Du får også informasjon og inspirasjon om Sunnhordland via kontoane på Instagram og Snapchat (brukarnamn buisunnhordland).
I 2022 vart det lansert ny Sunnhordlandsfilm. Filmen er eit viktig verktøy i omdømmebygginga. Du finn han på YouTube og framsida av denne nettstaden.
Ambassadør for Sunnhordland
For å lukkast med omdømmebygginga er det heilt essensielt at flest mogleg vert med på laget som gode sunnhordlandsambassadørar. Regionen har nærare 64.000 innbyggjarar. Alle desse, saman med næringslivet, er viktige ambassadørar.
Samarbeidsrådet inviterer også næringslivet med, slik at dei kan verta økonomiske støttespelarar i omdømmearbeidet.
Hovudmålet for prosjektet er å medverka til at Sunnhordland vert oppfatta som ein attraktiv bu- og arbeidsregion for arbeidstakarar, og å gjera det enklare for enkeltverksemdene i regionen å rekruttera arbeidskraft nasjonalt og internasjonalt.
Styringsgruppe
Styringsgruppa for prosjektet er sett saman av næringsråda i Sunnhordland.
Samarbeidspartnarar
Bedrifter i Sunnhordland kan bli samarbeidspartnar i omdømme- og rekrutteringsarbeidet Bu i Sunnhordland.
Ynskjer du meir informasjon om omdømme- og rekrutteringsarbeidet?
Kontaktperson for omdømmearbeidet er Nina J. H. Matre.
Tlf: 481 79 271