Etablere bedrift?
I Sunnhordland er det fleire gode aktørar som gjerne vil hjelpa deg vidare.
Du som tenkjer på å etablere kan få rettleiing. Du kan få hjelp til å utarbeida forretningsplan, vegleiing om verkemiddelapparat, registrering av bedrifta, nettverk, etablerarkurs eller berre ein samtalepartnar.
I kommunane Bømlo, Kvinnherad, Stord og Tysnes er det etablert inkubatorar. Her kan du få leiga kontor i tilrettelagte kontorfelleskap. I tillegg får du til tilgang til eit stort kompetansenettverk.
Gode hjelparar når du skal etablere bedrift:
- Atheno AS
- Samarbeidsrådet for Sunnhordland
- Austevoll Næringsråd
- Fikse Næringsforening - Etne og Vindafjord
- Kvinnherad Næringsservice