Kor ligg Sunnhordland?
I Sunnhordland møtest høgteknologiske nyvinningar, vilt hav og stille fjellvidder, flott skjergard og grøderikt landbruksland. Du finn lune idyllar, blåfrosen isbre og mektige fossar og minnesmerke frå steinalder, jernalder, bronsealder og vikingtid.
Her finn du eit av landets mest særmerkte og varierte landskap.
Ja takk, begge delar
Sunnhordland har eit mangfald av jobbar å tilby. Både innan det offentlege og det private er variasjonen og tilbodet stort.
Her kan du ha utfordrande og spennande arbeid, samtidig som du bur i trygge omgjevnader.
Du har kreative utfordringar i jobben, samstundes som naturen byr til friske aktivitietar på fritida.
Regionen har meir å by på enn eit aktivt arbeidsliv. Her er eit mangfald av tilbod innan kultur, idrett og andre fritidsaktivitetar.
Kommunane i Sunnhordland
Det er 8 kommunar i regionen Sunnhordland. Kommunane i Sunnhordland har tilsaman i overkant av 64 000 innbyggjarar og eit flateinnhald på ca. 2980 km2.
Dette er kommunane i Sunnhordland:
• Austevoll
• Bømlo
• Etne
• Fitjar
• Kvinnherad
• Stord
• Sveio
• Tysnes
Er du nysgjerrig på korleis det er å bu å leve i Sunnhordland? Sjå "Sunnhordlandsfilmen" så får du sjå litt av korleis det er her! Du er hjarteleg velkommen!
Også øyrike
I Sunnhordland finn du også eit fantastiske øyrike. På mange av både dei mindre og større øyane er det busetnad. Her finn ein alt frå folkerike øyer, til dei der færre bur.
Kabelferja på Espevær. Foto: Ranveig M. Nesse
Er du på jakt etter det gode liv på ei øy? Kva med Fjelberg, Møkster, Espevær eller Huglo?
Du er hjarteleg velkommen til Sunnhordland!
Tenkjer du på å flytte til Sunnhordland og har spørsmål rundt dette? Me svarar deg gjerne!
Ta gjerne kontakt med oss i Samarbeidsrådet for Sunnhordland på e-post: firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no