Velkommen på Sunnhordlandstreff 19. desember 2019
Torsdag 19. desember kl 17:00 står hyggjelege folk frå bedrifter og kommunar i Sunnhordland klare til å ta imot deg!
Du er invitert til ein triveleg førjulskveld på Arena - i Leirvik sentrum!
På Sunnhordlandstreffet kan du knyte kontaktar med hyggjelege folk frå både bedrifter, kommunar og festivalar.
På programmet står blant anna
- interessante korte innlegg frå bedrifter der du får vite meir om dei
- god tid til mingling der du kan prate med folk frå både bedrifter, kommunar og festivalar i Sunnhordland
- servering
- trekking av flotte premiar
Arrangementet er GRATIS (husk å melde deg på via skjema nede på sida)!
Her er nokre av bedriftene og kommunane som du møter og kan snakka med:
- Advantec
- Bremnes Seashore
- Bømlo kommune
- HVL-Høgskulen på Vestlandet
- Kvinnherad kommune
- Leirvik AS
- Norwegian Marine & Energy Complec - NMEC
- Sveio kommune
- Tysnes Sparebank/Aktiv Sunnhordland
- Samarbeidsrådet for Sunnhordland
(lista blir fortløpande oppdatert)
NHO seier at 6 av 10 stillingar i snitt aldri blir utlyste, men at ein tilset på grunnlag av nettverk og kontaktar.
Denne kvelden kan du byggje nettverk og knyte kontakt!
Meir info om premiar og påmeldingsskjema lenger nede på sida!
Premiar
Du har også sjansen til å vinne flotte premiar: ei Apple Watch, festivalpass frå Tysnesfest 2020 og Festidalen 2020, festivalbillettar frå 100 Dagar og ein Sunnhordlandsparaply blir trukke på Sunnhordlandstreffet! Kanskje du er vinnaren av ein av premiane?
(meir info nedanfor bildet!)
Lett å kome seg til Sunnhordlandstreffet
Arena ligg midt i Leirvik sentrum, nær både busstopp og hurtigbåtkai. Sjå her for tips til korleis du kjem deg til Sunnhordlandstreffet dei ulike kommunane i Sunnhordland, Bergen eller Stavanger. Arrangementslutt ca kl 20:00.
Gratis arrangement
Arrangementet er GRATIS og for deg som er student eller har jobba nokre år og ynskjer å bli betre kjend med moglegheitene i Sunnhordland.
Meld deg på ved å fylle ut skjemaet under!
(NB! Ver rask! Talet på deltakarar er avgrensa. Aldersgrense 18 år).