Industri.jpg
04.06.2010 09:48

Sunnhordland skapt av lyst

Åtte kommunar med kvar sine særpreg, samla i storfamilien Sunnhordland.

Gud var i godlag då han skapte Sunnhordland. Den som har opplevt Sunnhordland, har fått inn heile landet, meiner Ivar Eskeland.

Mangfaldet er stort, frå blankskurte svaberg mot storhavet til blankisen på Folgefonna, tredje største isbreen her til lands.

Ein av dei sterkaste industriregionane i landet, med offshoreverft og  aluminiumsverk, skipsverft, havbruk og havfiskeflåte. Men også høgskule, sjukehus, flyplass og fastsamband. Og eit yrande kulturliv, med festivalar, urbant byliv, revyar og lokale korps, kor og teaterlag som gjer det godt å leva i regionen også etter arbeidstid.

Me som bur i Sunnhordland trivst her, vil du bu i Sunnhordland er du velkomen til oss. Me er vel  61.000 som bur her no, og som Eskeland sa det: Folkeslaget, så sjarmerande venleg og tenesteviljug at min medfødde blygskap forbyd meg å seia meir om det.

055.JPG
07.04.2011 22:24:21

Aviser i Sunnhordland

Kvar kommune har si lokalavis, Kvinnherad har to. Nokre aviser dekkjer fleire kommunar.

Geir Arne.JPG
25.11.2010 12:52:21

Mykje å velja blant

Er du på jakt etter jobb i Sunnhordland, kan du velja frå ein innhaldsrik meny.

 

IMG_2093 ØKS.jpg
06.12.2010 14:36:26

Blømande kulturliv

Konsertopplevingar sommaren gjennom i Baroniet. Utekonsert i havgapet på Espevær. Og året gjennom eit myldrande kulturliv i dei etter kvart mange flotte kulturhusa som er komne...

040.JPG
18.11.2010 16:18:10

Etablering av bedrift

Har du planar om å etablera eigen bedrift? Har du ein forretningside, men behov for kyndig vegleiing eller berre ein samtale for å drøfta ideen? I Sunnhordland finnes det fleire...

stord_sjukehus.jpg
15.05.2012 20:09:29

Helse Fonna

Helseføretaket Helse Fonna består av i alt fire sjukehus og fire distriktspsykiatriske sentra. To av sjukehusa og to av DPS sentra ligg i Sunnhordland