Fine folk i Sunnhordland

Bli kjend med fine folk i Sunnhordland.

Kvifor dei valde Sunnhordland som bu og arbeidsplass, og kva ser dei på som bra med regionen.


Me er alle ulike og har ulike ynskjer for kva ein skal fylle «det gode livet» med. For nokre handlar det om det grøne skiftet, karrieremoglegheiter eller for andre fritid.  Sunnhordland gir deg moglegheiter til å velje.
Bilde av ein mannsperson.
Av nina 26 Apr, 2024
- I Sunnhordaland er det masse forskjellige arrangement, klubbar og bedrifter. Berre finn noko som passar deg!
Bilde av ein mannsperson med briller.
Av nina 26 Apr, 2024
- Stord er passeleg stort med fin balanse mellom by og land. Dette kombinert med ein «framoverlent» industri gir gode moglegheiter for å finne ein god balanse mellom spennande arbeidsplassar og kjekk buplass!
Av nina 11 Jan, 2024
Ein telefonsamtale i sommarferien 2018 førte til store endringar for Marius Grønstøl. Samtalen var utslagsgjevande for både flytting og ny jobb. No er han prosjektleiar i Skånevik med ein veldig variert jobbkvardag.
Av asl 27 Nov, 2023
Inga Margrethe Fagerbakke sin perfekte arbeidsdag er når ho får prate med gode kollegaer, møte kjekke studentar,- og skrive forskingsartiklar knytt til doktorgraden ho held på med. Ho toppar det gjerne med eit bad i Breivikjo, ein god podkast - og tid med familien.
Av asl 27 Nov, 2023
Vibeke H. Kvarven har vore ute i verda og studert og arbeidd. Ti år i Japan, England, Bergen og Stavanger er notert på Cv-en. Men tiltrekkinga til Sunnhordland har alltid vore der. No er ho attende i øyriket. Bur på Bømlo, arbeider som studierettleiar på Stord, og spelar fiolin på fritida. Fin kombo!
Av asl 27 Nov, 2023
Amalie Riise var aldri i tvil om at Sunnhordland var staden å bu og arbeida. Her er nydeleg natur, kulturhus med skatepark, - og godt utval av butikkar som er med på å gjere regionen attraktiv som stad å bu, meiner ho. Lett å vere enig i det!
Av nina 16 Nov, 2023
Årstein yt service til folk både lokalt og på andre sida av jordkloden. Han meiner Sunnhordland er ein roleg og fin plass, men byr på nok action til at det aldri blir kjedeleg. Sjølv bur han på Rubbestadneset og oppfordrar folk til «å hoppe i det». Bli betre kjent med Årstein her!
Mann iført blå jakke, sjø og fjell, kystlandskap i bakgrunnen. Foto.
Av asl 26 Oct, 2023
Mykje tyder på at lukke for Audun Møgster er ein kjekk sambuar og kjærast frå Tyskland, rorbu på Bømlo, - og ein spennande jobb i Baker Hughes. Vil du bli betre kjent med Audun kan du gjerne plusse på med fotball, randonée-turar, dykking og framsnakking av ein vakker heimstad.
22 Jun, 2023
Eileen P. Selland budde i byen men lengta heim kvar einaste helg. I Etne har ho funne ro. Det hjelper og på å vere nygift, ha tre kjekke ungar og ein hund som heiter Lakris. Når ein då i tillegg har ein gøy jobb i kommunen, - har utsikt til Hodlestadnuten, og veit at snøggbåten kan ta ho ein svipptur til Bergen by, - ja då er Etne verdas beste plass å bu!
10 May, 2023
Jørgen Oldervoll Fosse tok utdanning i heimbyen Bergen, - svinga innom Finn.no og fann draumejobben på Bømlo. På fritida har han gjerne hiphop på øyra, svingar ei innebandykølle eller tar ein biltur på heilt spesielle vegar. Tipp topp øyliv der altså!
Share by: