Foto:

Austevoll kommune

Austevoll er blant landets fremste næringskommunar med verkeleg eit mangfald av spennande jobbar både i private bedrifter og offentleg sektor. Her kan du velje å bu i tettstad eller bygd, i einebustad eller leilegheit. Sjøutsikta er sjeldan langt unna.

 

Det er ein halvtimes ferjetur til Bergen og slik tilbyr Austevoll det beste frå to verder: Både nærleik til storbyens tilbod og aktivitetar, og eit trygt lokalsamfunn og litt enklare kvardagsliv i Austevoll.

 

I Austevoll er me opptekne av at folk skal ha råd til å leve og bu. Derfor har me heller ikkje eigedomsskatt. Prisane på SFO, kulturskule og andre offentlege tenester er lågast mogleg. Det er tre barneskular i kommune, den eine av desse montessoriskule, ein ungdomsskule og fire barnehagar. Alle barnehagar har løpande opptak.

 

Det er trygt å bu i Austevoll. Helsetenestene er velutbygde med blant anna legekontor og legevakt, helsestasjon, jordmor- og følgjeteneste til sjukehus, tannlege, fysioterapeut, apotek og helsehus. Handels- og tenestetilbodet er også rikt. Her finn du restaurantar, kaféar og hotell, kles- og sportsbutikk, elektronikk- og trevareforretningar, gullsmed, butikkar som sel partivare, verktøy og møblar, daglegvarebutikkar og nærbutikkar.

 

Austevoll er eit eldorado av 667 små og store øyer og holmar. Naturen er storslått og flotte turløyper både langs sjø og opp i fjella gjer det enkelt å finne tid til kvardagstrimmen. I skjergarden er det mange opparbeidde friområde og endå fleire skjulte perler og badeplassar. Det er stor aktivitet i idrettsrørsla og i foreinings- og kulturlivet. Det

 

Austevoll ligg midt mellom Bergen og Stord, med ferjesamband og hurtigbåt i begge retningar. Med hurtigbåten er du på Torget i Bergen på tre kvarter. Frå midten av august 2023 er det også gratis å reise med alle ferje til og frå Austevoll.

 

Kommunen har om lag 5.300 innbyggjarar. Flesteparten av innbyggjarane bur på dei fem største øyene som er bundne saman med bruer. Det er også fast heilårleg busetnad på øyene Møkster og Litlakalsøy som har båtrute til resten av kommunen. Dei to tettstadane i Austevoll er Storebø og Bekkjarvik.

 

I Austevoll kan du få jobb både på land og til sjøs, i ei av dei mange hundre bedriftene våre eller i ei av kommunens mange avdelingar. Austevoll har også to fylkeskommunale skular og den statlege havforskingsstasjonen som er den største marine forskingsstasjonen i Nord-Europa. Dette gir oss ein stor variasjon i jobbmoglegheiter og bidreg til ein levande og mangfaldig kommune. Me har plass til endå fleire som ønskjer å bu på øyane våre og bli ein del av eit inkluderande og varm øysamfunn.

 

Velkomen skal du vere!

Besøksadresse:
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø


Postadresse:

Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Les meir

Kontaktperson

Bente Kari Sletten Taranger
Ordførar


bente.kari.taranger@austevoll.kommune.no

Mobil: +47 47612910


Share by: