
Bilde: Frå stand under KarriereDagene 2025 ved NTNU i Trondheim.
Foto © Bu i Sunnhordland
Bu i Sunnhordland
Bu i Sunnhordland er eit regionalt samarbeid med næringsliv og kommunar i Sunnhordland. Me skal gi deg som er på leit etter din første jobb eller ny jobb kunnskap om kvifor velje Sunnhordland - ein region med eit spennande næringsliv. Dette gjeld både innan privat og offentleg sektor.
Me kan hjelpe deg i å knytte nødvendig nettverk og bli kjend med regionen. Både når det gjeld arbeidsliv, fritid og skule.
Her har du moglegheiter, og kan eigentleg seie "Ja takk - begge deler!"
Arbeidet med
Bu i Sunnhordland
vert drive av
Region Sunnhordland IKS.
Ta kontakt
Ynskjer du å bli synleg blant unge framtidige arbeidstakarar?
Det myldrar av spennande næringsliv i Sunnhordland og dette må dei unge få kunnskap om. Bu i Sunnhord-land ynskjer å ha deg med som samarbeidspartar for
å synleggjera ein region i omstilling, som har spennande jobbar no og i framtida.



