Fine folk i Sunnhordland
Bli kjend med fine folk i Sunnhordland.
Kvifor dei valde Sunnhordland som bu og arbeidsplass, og kva ser dei på som bra med regionen.
Me er alle ulike og har ulike ynskjer for kva ein skal fylle «det gode livet» med. For nokre handlar det om det grøne skiftet, karrieremoglegheiter eller for andre fritid. Sunnhordland gir deg moglegheiter til å velje.

Vibeke H. Kvarven har vore ute i verda og studert og arbeidd. Ti år i Japan, England, Bergen og Stavanger er notert på Cv-en. Men tiltrekkinga til Sunnhordland har alltid vore der. No er ho attende i øyriket. Bur på Bømlo, arbeider som studierettleiar på Stord, og spelar fiolin på fritida. Fin kombo!

Eileen P. Selland budde i byen men lengta heim kvar einaste helg. I Etne har ho funne ro. Det hjelper og på å vere nygift, ha tre kjekke ungar og ein hund som heiter Lakris. Når ein då i tillegg har ein gøy jobb i kommunen, - har utsikt til Hodlestadnuten, og veit at snøggbåten kan ta ho ein svipptur til Bergen by, - ja då er Etne verdas beste plass å bu!