Bergensar på «ville vegar»
mai 10, 2023

Faktaboks

Namn: Jørgen Oldervoll Fosse

Bedrift og stilling: Bømlo kommune/Sakshandsamar

Bakgrunn: Bachelorgrad i geografi frå universitetet i Bergen

Frå: Bergen

Bur: Rubbestadneset

Litt privat: Er i eit forhold.

Høyrer på: Mykje variert, men det går stort sett i hiphop og rap.

Ser på: Eg likar å bruke tida mi på YouTube og til dels seriar. No om dagen går det i serien Mandalorian.

Fritidsinteresser: Innebandy, gaming, fjellturar, sosiale lag, matlaging og køyreturar.

– Ein perfekt dag for meg må vere å kjenne på mykje meistring av oppgåvene eg får, og sosiale samtalar under kaffipausane

  • Kva type bedrift arbeider du i? Kommune

  •  Korleis fekk du denne jobben? Eg fekk jobben som sakshandsamar ved å søkja på stillinga når den vart lyst ut på Finn.

  •  Kvifor var den interessant for deg? Den fall i smak mykje fordi den gav meg moglegheit for arbeid med reguleringsplanar, - noko eg synast er eit spennande felt.

  •  Kva går arbeidet ditt ut på? Mitt arbeid går i stor grad ut på å vurdera ynskje frå offentlege og private om utbygging av ulike område i Bømlo kommune. Dei vurderingane tek utgangspunkt i inkludering av ulike lovverk og inkludering av dei offentlege. Når det er gjort slutning av vurderinga tek me det opp til utvalet (politikarane) som vil handsama søknaden om utbygging, med atterhald om at det ikkje blir noko motsegn.

  • Kvifor valte du å arbeide og busetje deg i Sunnhordland? Eg valde Sunnhordland litt på grunn av nærleiken til familien min i Bergen, men også fordi eg vil begynne på noko nytt. Det var også pluss med den vakre maritime naturen i området.

  • Kva er ekstra bra med å bu her forutan jobben? Det vil eg sei er den herlege naturen og dei flotte menneska i kommunen. Og ikkje minst er bilvegane her er noko heilt spesielt i forhold til andre plassar på Vestlandet.
     
  • Kva er dine tips til andre som vurderer å flytte til Sunnhordland? Finn deg noko å halda på med på fritida, gjerne noko som involverer andre menneske, for eksempel korps, badminton, fotball og turlag og liknande. Et anna tips er å finne ein plass å bu langs kysten, for naturen her er nydeleg!

 

  • Ein perfekt arbeidsdag for meg er:  Ein perfekt dag for meg må vere å kjenne på mykje meistring av oppgåvene eg får, og sosiale samtalar under kaffipausane. 
Av nina 26 Apr, 2024
- "Stord is just right in size with a fine balance between city and countryside. This, combined with a 'forward-leaning' industry, provides good opportunities to find a good balance between exciting workplaces and a nice place to live."
Av nina 26 Apr, 2024
- In Sunnhordland there are lots of different events, clubs and businesses. Just find something that suits you!
Share by: