Satsingsområde
Bu i Sunnhordland skal bidra til at samarbeidspartnarane frå næringslivet og kommunar i Sunnhordland samarbeider tettare om rekruttering. Slik at det blir lettare for arbeidsgjevar å rekruttera og samtidig skapa "BLI LYST" for arbeidstakarar.
Foto: Visit Sunnhordland
Foto: Kristin Steinsland
Bu i Sunnhordland
Saman med partnarar frå næringslivet og kommunar skal Bu i Sunnhordland gi kunnskap til unge og foreldre/føresette om kvifor det å velje Sunnhordland som bustad og arbeidsplass er eit godt val.
Me har som mål å byggje kunnskapen til både unge og føresette kring lokalt arbeidsliv og valmoglegheiter ein har i Sunnhordland.
Med andre ord: Skapa attraktivitet kring vår flotte region og skapa lyst til å bu i Sunnhordland!
Utanbysarrangement
Gjennom året vil du kunne reise på ulike utanbysarrangement for å treffe studentar og jobbsøkerer.
Me reiser saman som ein samla region, og er ein synleg "Sunnhordlandsgjeng"!
Målet er å gi studentar og unge vaksne kunnskap om spennande karrieremoglegeiter som finns i Sunnhordland. Dette gjer me blant anna ved å dele historiar om Sunnhordlandslivet, om korleis det er å arbeide, bu og leve i Sunnhordland.
Yrkesfagdag
I Sunnhordland har me læreplassar, men manglar lærlingar i mange fag.
Yrkesfagdag bidrar til at elevar i 10. trinn i regionen har god kjennskap til fag og yrker som regionen treng.
Denne dagen viser me breidda i yrkesfag, og kva moglegheiter ein har dersom ein vel yrkesfag.
Prosjektet er støtta med midlar frå Vestland fylkeskommune, og er eit regionalt prosjekt.
Yrkesfagdagane blir arrangerte i løpet av hausthalvåret.
Foto: Visit Sunnhordland
Foto: Kristin Steinsland
Partnarmøte
To gonger i året er det partnarmøte.
Me samlast for å få kunnskap og erfaring om korleis me samla kan skapa "BLI-LYST" og attraktivitet kring vår flotte region.
På desse møta tar me opp aktuelle tema som skal bidra til eit godt og konstruktivt arbeid med å skapa begeistring for ein felles region.



