Statsvitar i raske sko
10. mai 2023
Faktaboks
Namn: Malene Liljedahl Njaastad
Bedrift og stilling: Høgskulen på Vestlandet, HR-rådgjevar
Bakgrunn: Utdanna statsvitar ved Universitetet i Bergen
Frå: Bergen
Bur: Stord
Litt privat: Gift med fysioterapeut og saman har me to døtrer. Ei på 3 år og ei på 8 månader.
Høyrer på? Ein god variasjon, avhengig av humør.
Ser på? Det går mest i barne-tv.
Fritidsinteresser? Løping
– Eg synes det er interessant og givande å arbeide for å skape eit godt arbeidsmiljø
- Kva type bedrift arbeider du i? I april starta eg som rådgjevar innan HR og HMS ved Høgskulen på Vestlandet.
- Korleis fekk du denne jobben? Eg søkte på stillinga under permisjonen min og var gjennom ein intervjuprosess.
- Kvifor var den interessant for deg? Eg synes det er interessant og givande å arbeide for å skape eit godt arbeidsmiljø.
- Kva går arbeidet ditt ut på? Rådgjeving og bistand i HMS og HR-spørsmål for leiarar, vernetenesta og tilsette. Arbeidsoppgåvene inneberer også handtering av avvik, saksbehandling av permisjonar og arbeidsmiljøarbeid.
- Kvifor valte du å arbeide og busetje deg i Sunnhordland?
Me følte at Bergen vart for stort for oss og ynskte å busette oss ein plass kor me ikkje var avhengig av bil. Som bergensar bør eg kanskje også nemne været. Det regner vel mindre her...?
- Kva er ekstra bra med å bu her forutan jobben? Turområda og nærleik til det meste! Det bur også utruleg mange fine menneske her!
- Kva er dine tips til andre som vurderer å flytte til Sunnhordland?
Ta sjansen og test det ut ein periode. Me er veldig glad for at me gjorde det!
- Ein perfekt arbeidsdag for meg er:
Kombinasjonen av å kunne bidra og samarbeide med gode kollegaer.