Byplanleggjaren som likar bygda best
jun. 22, 2023

Faktaboks

Namn: Eileen P. Selland

Bedrift og stilling: Etne kommune, rådgjevar plan og miljø

Bakgrunn: Master i byplanlegging frå UiS

Frå: Etne

Bur: Etne

Litt privat: Nygift etter 13 år saman, og med 3 born på 2, 4 og (snart) 7. Hund.

Høyrer på? Helst P2 på jobb. Eg har ikkje kasta meg på Podcast-bølga.

Ser på? Fantasy og Sci-Fi. Når tida er slutt for Grogu hiv eg på litt Young Sheldon.

Fritidsinteresser?  Eg likar meg best med ei bok i handa eller framom lerretet med hunden Lakris på sida og leikande born rundt meg. Eg syng i Skakkekoret.

- Eg tenkte at ein jobb i kommunen måtte vere eit ideelt utgangspunkt til å skape ei endring i det fysiske miljøet eg oppheld meg i kvar dag

  • Kva type bedrift arbeider du i?  Eg jobbar i kommunen på utviklingsavdelinga.


  • Korleis fekk du denne jobben? Eg arbeidde med plan i privat sektor i 9 år før eg søkte jobb som rådgjevar på plan i kommunen eg bur og er oppvaksen i.


  • Kvifor var den interessant for deg? Eg tenkte at ein jobb i kommunen måtte vere eit ideelt utgangspunkt til å skape ei endring i det fysiske miljøet eg oppheld meg i kvar dag. Idéen om å kunne påverke korleis byromma våre ser ut, og å skape aktivitet for alle aldrar og i alle fasar av livet lokka meg til å velje ein «kommune-jobb».


  • Kva går arbeidet ditt ut på? Eg startar stort sett planarbeida med å verte engasjert i eit forprosjekt. Då får eg i ein tidleg fase vere med på å utforme bl.a. uteområda våre. Gjennom plan vert soner for utbygging, ferdsleårer og friluftsområde avsett, og det vert sett krav til korleis desse skal sjå ut og brukast. Undervegs får ein høve til å treffe lokalbefolkninga og høyre på deira interesser og ynskjer.

 

  • Kvifor valte du å arbeide og busetje deg i Sunnhordland? Eg er fødd og oppvaksen i Sunnhordland. Eg prøvde meg i «storbyen» (Stavanger) over fleire år, men ynskte meg heim kvar helg. Eg sakna å verte sett på den måten ein berre kan i ei bygd.

 

  • Kva er ekstra bra med å bu her forutan jobben? Med utsikt over fjord og bygd framom meg og Hodlestadnuten bak meg, har eg konkludert med at det er fint at eg slo meg til ro i bygda eg vaks opp i. Her står eg rimeleg fritt til å velje kva eg skal ta meg til, og der er rom til å vere både travel og å ha ro. Vegen til vener og familie er kort, og kjende ansikt finst bak ein kvar sving.

 

  • Kva er dine tips til andre som vurderer å flytte til Sunnhordland? I Sunnhordland finst det reiseliv, kulturliv, song og musikk, historie, imponerande geologi, toppturar, jakt og fiske, variert næringsliv, lokal mat, og ikkje minst: ein engasjert dugnadsgjeng som er råflinke på å få ting til. Ynskjer du å få til ein forskjell for lokalmiljøet ditt, hamnar du ikkje mellom to stolar i ei bygd som Etne. Og du... snøggbåten går jamleg til Bergen by..
     
  • Ein perfekt arbeidsdag for meg er: Lukta av ein varm kopp kaffi og å veksle mellom å arbeide effektivt og å diskutere løysingar med kollegaer.
Av nina 26 Apr, 2024
- "Stord is just right in size with a fine balance between city and countryside. This, combined with a 'forward-leaning' industry, provides good opportunities to find a good balance between exciting workplaces and a nice place to live."
Av nina 26 Apr, 2024
- In Sunnhordland there are lots of different events, clubs and businesses. Just find something that suits you!
Share by: