Bømlapatriot med dykkardrakt
asl • 26. oktober 2023
Faktaboks
Namn: Audun Møgster
Bedrift og stilling: Baker Hughes, IWOCS Team Lead Hyd/mech
Bakgrunn: Fagbrev i automasjon og bachelor i automasjon frå HVL Bergen
Frå: Bømlo
Bur: Moster
Litt privat: Bur i eit hus saman med min sambuar frå Tyskland. Ho har nyleg takka ja til jobb som geolog i Geopark Sunnhordland. På fritida så er det dykking, fotball for Bremnes herrar 2 og styrketrening det går mest i. På vinteren står eg på snowboard og randonée ski.
Høyrer på? Eg høyrer på alt mogleg utanom tung metall. Mest glad i gode gamle slagararar frå Queen, AC/DC, Guns N` Roses, Dire Straits. Eg blei kanskje født i feil tid...?
Ser på? Den amerikanske versjonen av The Office er min favorittserie.
- Eg likar rett og slett tekniske utfordringar!
- Kva type bedrift arbeider du i? Eg arbeider innan olje og gass-næringa.
- Korleis fekk du denne jobben? Eg starta som lærling. Etter å ha tatt fagprøven tok eg utdanningspermisjon for å ta bacheloren innan automasjon. Då den var i boks kom eg attende hit.
- Kvifor var den interessant for deg? Eg likar rett og slett tekniske utfordringar!
- Kva går arbeidet ditt ut på? Eg har nettopp takka ja til stillinga som IWOCS team lead kor eg skal leie ei lita gruppe med ingeniørar.
- Kvifor valte du å arbeide og busetje deg i Sunnhordland? Det kjendest naturlig. Det er på Bømlo eg har vakse opp, - eg trivest på ei øy omringa med sjø. Det er også ein fantastisk natur her.
- Kva er ekstra bra med å bu her forutan jobben? Det er eit trygt miljø, ein er nær naturen, - og «alle kjenner alle» så ein føler seg heime.
- Kva er dine tips til andre som vurderer å flytte til Sunnhordland? Flytt til Bømlo! Beste øya å bu på spør du meg. Og prøv å skaff deg ei rorbu. Då har du det fint både på vinteren og på sommaren.
- Ein perfekt arbeidsdag for meg er:
Å vere til hjelp for mine kollegaer og klare å meistre utfordringane eg har!