Forskar på gode samtalar
asl • 27. november 2023
Faktaboks
Namn: Inga Margrethe Fagerbakke
Bedrift og stilling: Høgskulen på Vestlandet, stipendiat
Bakgrunn: Utdanna lærar ved tidlegare Høyskolen i Bergen. Har arbeidd i ungdomsskulen, - og i lærarutdanninga på Stord i snart 6 år.
Frå: Austevoll
Bur: Haga på Stord
Litt privat: Gift med Joar og har ein son på 9 og ei jente på snart 7
Høyrer på: Podkastar om politikk og samfunn
Ser på: Såg nettopp Krigsseileren på Netflix. Det gjorde inntrykk!
Fritidsinteresser:
Det meste av fritida brukar eg saman med familien, men eg er glad i ein god quiz, trenar litt , - og er med ein bokklubb.
- Eg har alltid vore interessert i kva som kjenneteiknar den gode samtalen i utdannings-samanheng
- Kva type bedrift arbeider du i?
Eg arbeidar i høgare utdanning, i barnehage- og grunnskulelærarutdanninga. Akkurat no er eg i eit doktorgradsstipend.
- Korleis fekk du denne jobben?
Eg søkte på eit doktorgradsstipend der dei trong nokon til å forska på korleis studentar kan få opplæring i å samtala om naturen og naturfaglege tema med barnehagebarn. Eg synest det høyrtest utruleg spennande ut, og var heldig å få jobben!
- Kvifor var den interessant for deg?
Eg har alltid vore interessert i kva som kjenneteiknar den gode samtalen i utdanningssamanheng, og sidan eg sjølv hadde barnehagebarn på den tida var eg både interessert og forundra over alt dei spurte om og var interesserte i når me var ute i naturen.
- Kva går arbeidet ditt ut på?
For tida skriv eg forskingsartiklar saman med kollegaer innanfor same fagområde, basert på videomateriale frå barnehagar. Utanom det,- er det undervisning eg har gjort mest av.
- Kvifor valte du å arbeide og busetje deg i Sunnhordland? Me valte å busetja oss på Stord fordi det var viktig for meg å bu nær arbeidet mitt på HVL, - og så er eg gift med ein Stordabu.
- Kva er ekstra bra med å bu her forutan jobben?
Det må vera at det er stort nok til at det alltid er eit eller fleire arrangement å gå på, og lite nok til at du kan rekna med å treffa nokon kjente der.
- Kva er dine tips til andre som vurderer å flytte til Sunnhordland?
At det er ein kjekk plass å bu! Det som var mest overraskande på meg var alle dei fine turområda, og at det finns så utruleg mange organisjonar og lag. Noko for ein kvar smak.
- Ein perfekt arbeidsdag for meg er:
Ein perfekt arbeidsdag startar med ein kopp kaffi og kjekk prat med kollegaer, eg møter engasjerte studentar og ideelt sett: - Eg får skrive det eg hadde tenkt å skriva. Toppar det med eit bad i Breivikjo med HVL sin eigen badeklubb!