Lyst til å arbeide i industrien
asl • 27. november 2023
Faktaboks
Namn: Amalie Riise
Bedrift og stilling: Baker Hughes, automatiker
Bakgrunn: Stord Vidaregåande skule, automasjonslinja
Frå: Stord
Bur: Stord
Litt privat: Sambuar
Høyrer på? Mykje forskjellig, så lenge det ikkje er skriking.
Ser på? 71 grader nord
Fritidsinteresser? Trening og tur, - og vera sosial med venner og familie.
- Eg har alltid hatt lyst til å komma inn i industrien!
- Kva type bedrift arbeider du i? Olje- og gass industrien.
- Korleis fekk du denne jobben? Denne jobben fekk eg ved å gå i lære her i Baker Hughes.
- Kvifor var den interessant for deg? Eg har alltid hatt lyst til å komma inn i industrien, og eg visste godt kva bedrift Baker Hughes var, - så då var det ikkje noko anna alternativ enn å få læreplass her.
- Kva går arbeidet ditt ut på? Arbeidet mitt går ut på å teikne og måle opp røyr som går til ulike komponentar, samt kalibrering av ulike instrument. Det går mykje i stålarbeid også, då det å vera automatikar er eit ganske så variert yrke.
- Kvifor valte du å arbeide og busetje deg i Sunnhordland? Eg har alltid budd i Sunnhordland så for meg så var det ikkje tvil om at eg ville fortsetta å både bu og jobba her.
- Kva er ekstra bra med å bu her forutan jobben? Det er mange flotte turområde, samt fleire senter med mange butikkar. Og kulturhuset, - der det er skatepark utanfor.
- Kva er dine tips til andre som vurderer å flytte til Sunnhordland?
Det må vere at det er mange arbeidsmoglegheiter her, det er gode kulturtilbod til barn og unge, og det er også små avstandar til sjø og fjell med fantastiske utsikter.
- Ein perfekt arbeidsdag for meg er:
Ein dag med godt utført arbeid og meistringsfølelse. Det er den beste kjensla som er!