Løysningsorientert kvinnhering
nina • 11. januar 2024
Faktaboks
Namn: Marius Grønstøl
Bedrift og stilling: Prosjektleiar
Bakgrunn: Teknisk Fagskole Mekatronikk, - fagbrev industrimekanikar og bilmekanikar
Frå: Sunde
Bur: Valen
Litt privat: Gift, tre barn
Høyrer på: Radio og podcastar
Ser på: Komedie og dokumentarar
Fritidsinteresser:Friluft og motorsport
- Det kan vere nyttig å vere litt utadvent og frampå for å bygge seg nye nettverk!
- Kva type bedrift arbeider du i?
Sunnhordland Mek Verkstad som er ei produksjonsbedrift som utviklar løysningane sjølve.
- Korleis fekk du denne jobben?
I sommarferien 2018 var vi heime i Kvinnherad. Då fekk eg ein telefon av teknisk leiar i Sunnhordland Mekaniske Verkstad med spørsmål om eg ville komme ein tur å sjå kva dei haldt på med i Skånevik. Det såg veldig spennande ut, og det vart følgt opp med eit tilbod som eg takka ja til.
- Kvifor var den interessant for deg?
Det var fordi arbeidsoppgåvene høyrdest spennande ut, og at vi kunne flytte heim til Kvinnherad igjen etter 11-12 år borte i frå kommunen.
- Kva går arbeidet ditt ut på?
Det er å leia prosjekt, - ofte i frå idé til produktet er sett i drift hos kunde. I tillegg er det salsarbeid med anbodsrundar og marknadsføring, samt å bidra i designprosessar i alt frå mekanisk design til software.
- Kvifor valte du å arbeide og busetje deg i Sunnhordland? Fordi bygda var ein føretrekt plass der ungane kunne vekse opp med like rammer og villkår som me foreldra hadde i oppveksten. Samtidig så har vi mykje familie her, noko som var ei medverkande årsak.
- Kva er ekstra bra med å bu her forutan jobben? Det er kombinasjonen av familie, naturen og venene våre.
- Kva er dine tips til andre som vurderer å flytte til Sunnhordland? Ei utfordring med å flytte ut på bygda om du ikkje er der ifrå, er å skape eit nettverk. Det kan vere nyttig å vere litt utadvent og frampå for å bygge seg nye nettverk, då det kan vere at ein må arbeide litt for å komme «innpå» dei som bur i bygda frå før.
- Ein perfekt arbeidsdag for meg er:
Ein ny spennande førespurnad der nye løysingar må utviklast.