Spesialist på Japan - valde Sunnhordland
asl • 27. november 2023
Faktaboks
Namn: Vibeke H. Kvarven
Bedrift og stilling: HVL, Studierettleiar
Bakgrunn: To bachelorgradar frå Universitetet i Bergen (UiB) i engelsk og japansk. Master i Asia og Midtøsten-studiane, spesialisering Modern Japan frå Universitetet i Oslo (UiO). Studert ved tre studiestadar i Japan og éin i England.
Frå: Stord
Bur: Bømlo
Litt privat: Gift, ein katt
Høyrer på: Alt av musikk
Ser på: Netflix og TikTok
Fritidsinteresser?: Fjellturar, turorientering, sykling, fiolin (speler med ei gruppe pensjonistar og andre på HVL.
- Ein perfekt arbeidsdag er når ein kan hjelpe studentar med å få studiedagen til å gå rundt.
- Kva type bedrift arbeider du i? Høgskulen på Vestlandet (HVL)
- Korleis fekk du denne jobben? Fekk først eit vikariat i november 2021, så fekk eg fast jobb i juni 2022.
- Kvifor var den interessant for deg? Eg arbeidde i administrasjonen på Internasjonalt kontor på Universitetet i Stavanger (UiS). Eg likar å arbeide med administrative arbeidsoppgåver og studentar.
- Kva går arbeidet ditt ut på? Tilrettelegging for studentar som er tilknytt Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Alt frå permisjonssøknadar til utdanningsplanar. I tillegg arbeidar eg med chattbotten til HVL og andre digitaliseringsoppgåver.
- Kvifor valte du å arbeide og busetje deg i Sunnhordland? Eg er fødd og oppvaksen på Stord og sakna familie og øyo mi. Har budd over 10 år borte og ønskte meg heim igjen. Spesielt koronapandemien gjorde det isolerande å bu i Stavanger.
- Kva er ekstra bra med å bu her forutan jobben? Rimelege husprisar, familie, og nærleik til fjell, natur og sjø.
- Kva er dine tips til andre som vurderer å flytte til Sunnhordland? Sunnhordland, - og spesielt Stord har alt ein treng av butikkar og aktivitetar. Det er og kort veg til Bergen og Haugesund om ein ynskjer ein «bytur».
- Ein perfekt arbeidsdag for meg er:
Ein perfekt arbeidsdag er når ein kan hjelpe studentar med å få studiedagen til å gå rundt. Livet har mange utfordingar, og spesielt i ei 5. årig utdanning slik som grunnskulelærarutdanninga, - så er det mange studentar som treng litt tilrettelegging slik at det skal gå bra.