Frå nord til sør, reisa til ein automasjonsingeniør til Sunnhordland
nina • 26. april 2024
Faktaboks
Namn: Mikael Walde
Bedrift og stilling: Automasjonsingeniør
Bakgrunn: HVL – Bachelorgrad i Automatisering med Robotikk, fagbrev – automatikar.
Frå: Vesterålen
Bur: Skånevik
Litt privat: Singel
Høyrer på: Elskar rock og konspirasjonspodkaster.
Ser på: Nå går det i «Berserker serien» og "The Office".
Fritidsinteresser:
Styrketrening, friluft og robotbygging.
- I Sunnhordaland er det masse forskjellige arrangement, klubbar og bedrifter. Berre finn noko som passar deg!
- Kva type bedrift arbeider du i?
Sunnhordland Mek Verkstad.
- Korleis fekk du denne jobben?
I midten av det tredje året på bachelorsstudiet mottok eg ei melding fra skulen angåande at SMV leitte etter ingeniørar. Etter å ha gjort nokon undersøkelsar, og sett kor spennande prosjekt selskapet var involvert i, tok det ikkje lang tid før eg bestemte meg for å sende inn søknaden. Allereie i februar, tre måneder etter at eg sende søknaden, blei kontrakten signert.
- Kvifor var den interessant for deg? Det viktigste for meg på en arbeidsplass er moglegheita til fagleg utvikling. Hos SMV får du sjansen til å gjere det innanfor mange ulike fagfelt.
- Kva går arbeidet ditt ut på?
Arbeidet mitt går primært på programmering og prosjektering av elektrohydrauliske systemer, pluss service og kundesupport.
- Kvifor valte du å arbeide og busetje deg i Sunnhordland? Fordi eg har ein vennegjeng her i området, plassen er rolig, pluss at man har byen og HVL i nærheten.
- Kva er ekstra bra med å bu her forutan jobben? Sjølv om staden er rolig, skjer det alltid noko interessant i området.
- Kva er dine tips til andre som vurderer å flytte til Sunnhordland? I Sunnhordland er det masse forskjellige arrangement, klubbar og bedrifter. Bare finn noko som passar deg!
- Ein perfekt arbeidsdag for meg er:
Ein perfekt arbeidsdag begynnar alltid med ein kopp kaffi, og det er ekstra tilfredsstillande å sjå at prosjekta går fra ei skisse til virkelighet.