Personvern
Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS er eigar av tre nettsider. Dette er samarbeidsraadet-sunnhordland.no, buisunnhordland.no og visitsunnhordland.no.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland handsamar personopplysningar med respekt og varsemd og vil gjerne forklara korleis me handsamar den informasjonen me mottek om deg på internett.
Vanlegvis kan du besøke Samarbeidsrådet for Sunnhordland sine heimesider utan å avsløra kven du er, eller gi opplysningar om deg sjølv. Våre web-servere registrerer kun domenenavnet, ikkje e-post-adressa, til dei som besøker sida. Denne informasjonen blir samla for å registrere antall besøk, gjennomsnittstida per besøk, kva sider som blir besøkt og liknande. Samarbeidsrådet for Sunnhordland bruker denne informasjonen til å analysere bruken av heimesida og betra kvaliteten på innhaldet.
I nokre tilfelle treng me opplysningar frå deg, for eksempel namn og adresse. Når me ber om denne type opplysningar, vil me prøve å fortelja deg kva me skal nytte dei til. Normalt vert personlege opplysningar kun nytta av oss sjølv til å svare på din direkte førespurnad eller utføra ein ordre.
Dersom du registrerer deg i skjema på nettet hos ei av Samarbeidsrådet for Sunnhordland sine nettsider (Buisunnhordland.no, visitsunnhordland.no eller samarbeidsraadet-sunnhordland.no) - til dømes kurs eller andre arrangement, lagrar me opplysningane som du har gitt oss ved påmelding (namn, e-postadresse, eventuelle matallergiar ved servering på arrangement). Opplysningane vil bli nytta til å sende deg informasjon og det som måtte vere naudsynt i samband med arrangementet.
"Cookie"-teknologi kan nyttast for å gi deg skreddarsydd informasjon. Ein "cookie" er ei lita datafil som eit web-område kan sende til din webleser, og som kan lagrast på din harddisk slik at me kan kjenne deg igjen neste gang du går inn på sida vår. Du kan stille inn weblesaren din slik at den gir deg beskjed når du mottek en "cookie". Du kan også sperre for "cookies" dersom du ønsker det, sjølv om dette kan hindre oss i å identifisere deg.
Det kan førekome at me føretek undersøkingar på nettet for å forstå betre behova og profilane til våre besøkande. Når me utfører ei undersøking, vil me forsøke å fortelje deg korleis me skal nytta opplysningane.
Buisunnhordland.no nyttar analyseverktøyet Google Analytics. Datainnsamling for annonseringsfunksjonar er slått av.
Nettlesaren din sender automatisk opplysningar kvar gong du får vist ei side. Her også opplysningar om kva nettlesar og kva versjon denne har, samt IP-adressa di. Det vert også lagra opplysningar om dato og tid. Ingen av desse opplysningane blir brukte til å identifisere personar. Me brukar opplysningar om bruken av nettsida vår til å sjå kva sider som er ofte brukt, og for å vidareutvikle ein god nettstad for brukarane.
Når du registrerer eit arrangement på nettsidene våre må du skrive namn og e-postadresse. Dette treng me dersom me må ta kontakt med deg i høve til registreringa av arrangementet. Opplysningane vil ikkje bli brukte til marknadsføring.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland sine websider kan innehalde lenker til andre sider. Sjølv om me kun prøver å kople oss til områder som har same høge standard og respekt for personvern som oss, er me ikkje ansvarleg for innhaldet eller personvernet på andre sine websider.