Foto:

Bømlo kommune

Velkommen til Bømlo - sagaøya der skaparkraft ligg i folkesjela!

I øykommunen Bømlo er du aldri langt frå sjøen. Du kan oppleva vill og rå sjø, men også milevidt, blenkjande hav med Nordsjøen som næraste nabo. Kommunen er eit eldorado for fiskeinteresserte, og har mange overnattingstilbod der ein og får høve til å freista fiskelukka frå båt eller land. Frå Siggjo (474 m.o.h.), den høgaste fjelltoppen, er det utsyn frå Folgefonna i aust til Haugesund i sør, og dette populære turmålet har har vore og er eit kjent landemerke. 


Det maritime miljøet pregar næringslivet. Sjøen er også ein viktig faktor for reiselivsnæringa, der skjærgarden lokkar med holmar og øyar, lune vikar og kanalar. På Bømlo finn ein vekslande natur, frå det karrige landskapet ytterst mot havet, til meir frodige område.

Fakta

  • 12 132 pr. 4. kvartal 2022
  • Flateinnhald: 247 km2. Siggjo - høgaste fjelltopp 474 moh 
  • Kommunesenter: Svortland
  • 5 lokalsentrum: Finnås, Langevåg, Moster, Rubbestadneset og Svortland
  • 9 skular med 1721 elevar - kulturskule og vaksenopplæring
  • 1 fylkeskommunal vidaregåande skule (Bømlo vidaregåande skule - lokasjon Leite og Rubbestadneset )
  • 1 folkehøgskule (Bømlo folkehøgskule)
  • Full barnehagedekning med 8 barnehagar
  • Over 100 institusjonsplassar
  • Ca. 150 kommunale bueiningar
  • Over 700 bedrifter, eit høgteknologisk miljø, mekanisk industri, rederiverksemd, havbruksnæring, reiselivs-, handsels- og servicenæringar
  • Over 300 frivillige lag og organisasjonar

Noverande Bømlo kommune vart til 01.01.63, etter samanslåing av dei tre kommunane Bømlo kommune, Moster kommune og Bremnes kommune. 

Kontaktperson

Simon Knutsson Sortland,
Stabsfunksjon kommunedirektør
Kommunikasjonsrådgjevar/webredaktør


Simon.Knutsson.Sortland@bomlo.kommune.no
mob: 416 33 702


Share by: