Foto: Region Sunnhordland
Teknologijobben du vil ha – der du vil bu
Dette seier EY Skye om seg sjølv:
"I EY Skye byggjer vi digitale løysingar som hjelper verksemder å nå måla sine. Som del av det globale EY-nettverket kombinerer vi lokal tilhøyrsle med internasjonal rekkevidd, og jobbar med nasjonale og internasjonale kundar på tvers av bransjar.
Ekspertane våre innan SAP, Dynamics 365, IBM Maximo og skyplattformer (Azure, GCP, AWS) leverer alt frå komplekse IT-prosjekt til skreddarsydde integrasjonsløysingar. Det betyr at du kan jobbe med cutting-edge teknologi og spennande kundar – utan å måtte flytte til storbyen.
Kvifor velje EY Skye?
• Balanse i kvardagen: 6 vekers ferie og fleksibel arbeidsdag
• Familievenleg: 8 veker med 100% lønn og 80% arbeidstid etter foreldrepermisjon
• Teknologiglede: Årleg gadget-budsjett til teknisk utstyr etter eige ønske
• Utviklingsmoglegheiter: Bli del av eit tverrfagleg miljø i eit globalt selskap
Er du nysgjerrig på teknologi og ønskjer ein jobb der du kan utvikle deg fagleg i eit dynamisk miljø? Då er EY Skye staden for deg – anten du er nyutdanna eller har erfaring frå før.
EY Skye har hovudkontor i Oslo og eit lokalt kontor på Stord, noko som gir våre tilsette fleksibilitet til å bu og jobbe der dei trivst best. I tillegg har vi moglegheit til å jobbe frå alle EY sine lokasjonar i Noreg.
Ta kontakt med oss for å høyre meir om moglegheitene hos EY Skye!"