Møt oss på stand under KarriereDagene NTNU
Er du student i Trondheim?
10. september kl 10-15 kan du møte oss på stand i messeteltet til KarriereDagene NTNU på Gløshaugen i Trondheim! Dette er Norges største karriemesse.
Med oss på standen har me også samarbeidspartnarar, som gjerne vil slå av ein hyggjeleg prat med deg.
Kven treff du på standen til Bu i Sunnhordland?
På standen treff du kjekke folk frå bedriftene Palfinger Marine, Wärtsilä, Kvinnherad kommune og Bu i Sunnhordland. Me vil alle fortelle deg om moglegheitene i Sunnhordland.
Du er hjarteleg velkommen til ein prat!
Kveldsarrangement med gratis middag
På kvelden 10. september inviterer me til sosialt samvær med god mat, prat og moglegheit for å vinne premiar.
Her er det avgrensa tal på plassar - så ver rask med påmelding. På denne sida (klikk lenke) finn du meir informasjon om kveldsarrangementet og korleis sikre deg plass.
PS: Alt er GRATIS!
Aldersgrense for kveldsarrangement: 18 år
Foto over viser gjengen som var på stand i 2025 © Region Sunnhordland




