Middag med Bu i Sunnhordland

Er du student i BERGEN? Vil du bli kjend med nye folk og ha ein kjekk kveld der du også får vite om moglegheiter i Sunnhordland og kan vinne kjekke premiar?

Kom på gratis middag med Bu i Sunnhordland 22. september!

PROGRAM


  • Kva jobbar finns i Sunnhordland? - du møter spennande bedrifter frå regionen.
  • Kva skjer og kva kan du gjera på i Sunnhordland? - du får høyre om festivalar mm.
  • Bordleik der du kan vinne flotte premiar!
  • Mat og mingling!



Dato: 22. september

Tid: kl 18:00

Stad: Landmark, adresse: Rasmus Meyers allé 22, Bergen (midt mellom Grieghallen og Lille Lungegårdsvann)


PS: Alt er GRATIS!



Påmelding i denne lenkja!

NB! Husk påmelding snarast - avgrensa tal på plassar!

Aldersgrense 18 år


PS: tidlegare samme dag (22. september) treff du oss i Grieghallen, då har me stand under Karrieredagen kl 10-15. Her treff du også representantar frå Palfinger Marine, Wärtsilä og Bremnes Seashore. Håpar å sjå deg her også! Karrieredagen er gratis og open for alle.


Foto over: © Kristin Steinsland.